top of page

Portrettintervju: Kim André Bøe

av Pop Up Galleri Møre og Romsdal, Februar 26, 2015

Kunne du gitt meg et kjapt sammendrag av hvor du er fra, hvor du er nå og hvordan du kom frem til ditt skapende genom?

 

Kjem frå Herøy, nærare bestemt Bølandet. Eg har budd og arbeida i San Francisco sidan 2010, men flytta nettopp tilbake til Noreg. Før eg flytta til San Francisco budde eg i London og Trondheim. Jobbar som grafisk designar.

Du har sett deg ut en karriere innen Grafisk Design.

Hvordan kom du frem til den avgjørelsen?

 

Når eg var ferdig på vidaregåande var eg i tvil om eg skulle satse på eit kreativt yrke eller om eg skulle satse på ingeniørstudie eller liknande. Etter eit par månadar med sjølvransaking enda eg opp med å søke meg til Grafisk Design studie hjå Noregs Kreative Fagskole i Trondheim. Eg trivast godt i Trondheim og det tok ikkje longe stunda før eg var sikker på at eg hadde gjort det rette valet. 

 

Skulen i Noreg gav ei solid innføring i den tekniske sida av faget og det å skulle jobbe på tidvis ekstremt korte deadlines, i tillegg fikk man bygd eit multidisiplinert nettverk. Deretter gikk turen til London for å bygge på til Bachelorgrad, og til San Francisco for å ta ein Master. Skulane i Noreg og San Francisco var begge svært praktiske og yrkesretta, mens i London gjekk det meir på konsept og idéarbeid.

 

Gjennom heile studietida fikk eg bruk for nysgjerrigheita mi, til å lære nye teknikkar og prosessar som kunne brukast i arbeidet. Men på masterstudiet var det sopass mykje jobb at det å skulle lære seg nye teknikkar i mindre grad var ein del av det daglige designarbeidet, men i staden tok meir og meir plass i helgar og kveldar… dei siste åra har eg prøvd å alltid ha ein ny teknikk å lære, for å kunne kome meg vekk frå skjermen nokre timar. Dette har då medført ein viss produksjon av illustrativt arbeide, i svært varierte medium, dei siste åra. 

 

Etter kvart finn dei fleste av desse teknikkane også ein plass i det daglige designarbeidet

Finner du tid til å lage flere personlige verk?

 

Eg prøvar, men det er ikkje alltid like enkelt å skifte gir frå fulltidsjobb og frilansoppdrag på kveldstid eller i helgane.

 

Dei siste åra har eg fått for vane å sette meg klare mål om nye teknikkar og verktøy eg vil mestre, og so lete desse aktivitetane være drivkrafta bak nye arbeider.

Hvordan vil du beskrive dine verk? Hva er den røde tråden eller stemningen du kommer tilbake til?
 

Teknisk variert, relativt pragmatisk og prosessorientert. Dette er nok ein ganske presis skilnad av meg sjølv, og.

 

Eg vaks opp på ei øy i havgapet og som so mange andre ifrå fylket er det er vanskeleg for meg å gje slepp på naturen. Samtidig har eg budd i utlandet i lengre tid, og arbeida er nok prega av kollisjonen mellom bygdemennesket og internasjonale storbyar som London og San Francisco.

 

Hvor finner du inspirasjon til dine verk? Hva inspirerer deg mest?
 

Inspirasjonen kjem som oftast når eg prøvar å slå av hjernen litt og kjem meg ut i naturen.

Noko av det som inspirerar meg mest er folk som heile tida utfordrar komfortsona si, prøvar nye teknikkar og går metodisk til verks for å lære av sine feilslåtte forsøk.

Hvor mye planlegging og grubling går det til hver verk? Er skissing viktig for deg?

 

Dette varierer veldig avhengig av kvifor ein teknikk eg jobbar med, eit neonskilt som skal brettast ut av eit glasrør krev ei heilt anna type planlegging enn eit tresnitt eller silketrykk, men skissestadiet er uansett viktig… som designar er eg van med å ha solid prosess bak dei fleste vala eg tek.

Har du et bestemt tema for årets utstilling?
 

Kanskje.

 

Hva har du lært så lang i dine kreative øyeblikk?
 

Du sluttar aldri å lære.

 

Er det noen kunstbevegelser du er spesielt interessert i?
 

Som designar er eg veldig fascinert over kunstnarar som klarer å få mest mogleg kreativitet ut av tekniske avgrensingar.

Hvordan ser fremtiden ut?
 

Eit særs godt spørsmål som eg fullstendig manglar eit godt svar på.

Har du noen utstillinger etter denne?
 

Nei, det har eg ikkje.

 

Har du noen drømmeprosjekter på gang?
 

Alltid. Draumeprosjektet må vel være å få satt i stand ein skikkeleg verkstad for å drive med grafikk, men det kan nok ta ei stund før eg får anledning til det.

 

bottom of page